Sjøholt-Vestnes
Samskaping av postvegstrekninga Sjøholt – Ørskogfjellet – Vestnes
Samskapingsprosessen tek utgangspunkt i postvegstrekninga frå Amdam på Sjøholt, over Ørskogfjellet og ned til Vestnes sentrum. Den trondhjemske postveg går som ein raud tråd gjennom landskapet og bind saman to kommunar, ulike kulturmiljø og svært ulike utfordringar. Det vart derfor naturleg at Ålesund og Vestnes kommunar samarbeider om prosessen.
Frå naturreservat til tettstad
Strekninga rommar eit stort mangfald. På Ørskog-sida finn vi autentiske delar av den gamle postvegen og strekningar gjennom Måslia naturreservat. På Vestnes-sida går postvegen gjennom skog og kulturlandskap, men også under E39 og gjennom moderne tettstadsområde.
Desse forskjellane gir særlege utfordringar knytte til skjøtsel, bevaring og formidling. Samstundes har dei ført til ulike innfallsvinklar i arbeidet. Vestnes har utvikla gode løysingar for å formidle historia om postvegen til publikum, medan Ørskog har opparbeidd seg erfaring og kompetanse innan skjøtsel og ivaretaking av kulturmiljøet.
Verdiskaping og vern
Strekninga mellom Ørskog og Vestnes ligg midt mellom fleire av dei mest kjende reisemåla på Vestlandet, som Trollstigen, Geiranger og Atlanterhavsvegen. Samstundes ligg området mellom byane Ålesund og Molde, som begge tek imot mange besøkande. Målet er at postvegen også skal bli eit naturleg reisemål og ein ressurs for lokalsamfunna.
Postvegstrekninga over Ørskogfjellet er ei av tre strekningar som er statleg listeførte i Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne. Arbeidet med å auke bruken av postvegen må derfor balanserast mot omsynet til kulturminnet og naturverdiane i Måslia naturreservat.
Kunnskap om postvegen
Måslia naturreservat består mellom anna av myrområde der den gamle postvegen framleis kan sporast. Dette reiser spennande spørsmål om kvifor vegen vart lagd akkurat her, og korleis ein bygde veg gjennom myr på 1700-talet.
Det er gjennomført arkeologiske undersøkingar og utarbeidd ein rapport om byggjemetodane som er brukte på strekninga. Arbeidet har gitt ny kunnskap om både traseval og vegbygging, og peikar også tilbake mot eldre byggjeteknikkar, som kavlevegar gjennom myr.
Samarbeid og lokalt engasjement
Prosessen byggjer på eit breitt samarbeid mellom kommunar, frivillige organisasjonar, grunneigarar, næringsliv og kulturmiljøforvaltning. Deltakarane omfattar mellom anna postvegnemnda, historielag, friluftsråd, lokale bedrifter, Ålesund og Vestnes kommunar, Møre og Romsdal fylkeskommune, Statens vegvesen og museumsmiljø.
Både Ålesund og Vestnes deltok tidlegare i prosjektet «Ein bit av historia». Erfaringane frå dette arbeidet blir tekne vidare i det nasjonale postvegprosjektet, mellom anna gjennom historieforteljing, digitale løysingar og lokalt samarbeid.
Historia om postvegen
Postvegen handlar ikkje berre om vegar og steinmurar, men også om menneske og forteljingar. Brev om fødsel og død, kjærleik og sakn, avreise og heimkomst vart frakta langs postvegen. Brevet frå Amerika, frå kjærasten i Vestnes eller frå presten i Ørskog vart bore gjennom landskapet av postføraren på veg mellom Bergen og Trondheim.
Arbeidsverkstader og deltakarar
Samskapingsprosessen starta opp i 2026 og blir gjennomført gjennom tre arbeidsverkstader. Arbeidsverkstadene skal bidra til å utvikle tiltak, aktivitetar og samarbeid knytte til postvegen på begge sider av fjellet.
Fyrste arbeidsverkstad: 19. mai 2026, Vestnes bibliotek
Andre arbeidsverkstad: 30. juni 2026, vandreverkstad på Sjøholt og Ørskogfjellet
Tredje arbeidsverkstad: 2. september 2026, Ålesund sentrum
Kontaktpersonar:
Vestnes kommune: Ingrid Skjegstad
Mobil: 902 12 038
ingrid.skjegstad@vestnes.kommune.no
Elin Grete Vatnehol, Ålesund kommune
Mobil: 469 31 714
elin.grete.vatnehol@alesund.kommune.no
Runa Klock, Postvegnemda
Mobil: 95887414
Artikler