Arkeologi
På spor etter fortida
Landskapet langs Den trondhjemske postvei skjuler mange spanande spor. I tillegg til vegminne som bruer, stikkrenner og rodesteinar, er her også fysiske minne etter dei som budde langs og ferdast på vegen.
Mellom Ålesund og Vestnes kommunar i Møre og Romsdal klatrar Den trondhjemske postvei over Ørskogfjellet, ca. 410 moh. Vegen er bygd i tråd med generalvegmester Krogh sine føringar frå seint på 1700-talet. Delar av traseen vart lagt om på 1830-talet og i 1968 vart den lagt ned som postvei.
Dette er ei av dei best bevarte strekka av Den trondhjemske postvei og ligg inne i Statens vegvesen sin landsverneplan som statleg listeført kulturminne. Også delar av naturen langs denne traseen er verna. Måslia naturreservat har den strengaste forma for naturvern i Noreg. Føremålet med vernet er å bevare eit sjeldan kystmyrområde.
Ørskog: Her er det åpnet en sjakt over postvegen. Foto: Izabela Agnieszka Chlewicka, Statens Vegvesen
Arkeologi på Ørskogfjellet
Då vegen fyrst vart bygd på slutten av 1700-talet, la ein den ein annan stad enn det generalvegmester Krogh hadde anbefalt. Seinare vart den flytta i tråd med anbefalinga og så lagt ned allereie i 1868. At den gjekk ut av bruk så tidleg gjer at den er godt bevart.
Vegen kan reknast som ein heilt typisk postvei bygd i tråd med det franske prinsipp for vegbygging. Det vil seie at den stort sett går i rett linje gjennom terrenget. Dei fleste stadar er traseen 7 alen brei, dette tilsvarar omlag fire meter. Nokre stadar er den opp i 8.9,5 alen/ 5,5-6 meter brei. Her er spor etter brukar i stein der vegen kryssar elva. Den har vore godt grøfta med ei rekke stikkrenner.
Biletet: Arbeid med sjakt i Måslia naturreservat. Foto: Izabela Agnieszka Chlewicka, Statens Vegvesen
Kanstein og tilverka tre
I 2025 gjennomførte Izabela Agnieszka Chlewicka (Statens vegvesen), Carl Fredrik W. Vemmestad (Møre og Romsdal fylkeskommune) og Edvard E. Lund (Statsforvalteren) synfaring og undersøkingar på Ørskogsfjellet.
Arkeologane grov prøvesjakter der dei mellom anna fann kantstein og bitar av tilverka trea. Trestykka blir tolka som ein del av vegkonstruksjonen og ligg i same lengderetning som vegen. Noko av trevirket kan vere restar etter vegmarkeringar.
Nokre stadar er det funne store kantsteinar som utgjer ei forseggjort vegskulder på heile 75 cm. Andre stadar er det langt mindre stadar og breidde på berre 10-15 cm.
Vegen har vore dekka med lokale lausmassar. Massane er lagt rett på myrtorva, og truleg har arbeidarane tilført torv opp på den som allereie låg der for å gjere vegen høgare.