Om nasjonalt postveiprosjekt
Postvegen er ei skattekiste
Den trondhjemske postveg er eit av Noregs lengste kulturminne. Då nasjonen hadde behov for ei fast postrute mellom Bergen og Trondheim, vart postvegen ein viktig del av infrastrukturen som batt saman landsdelar og lokalsamfunn. Langs vegen voks det fram skysstasjonar, gjestgjevarstader og andre møteplassar som gjorde ferdsel og kommunikasjon mogleg. Postvegen representerer difor ein viktig del av utviklinga av det moderne Noreg.
Samtidig rommar postvegen eit mangfald av forteljingar om menneske sin kvardag, ferdsel, arbeid og møte mellom stader. Langs vegen finn vi spor etter reisande, bønder, embetsfolk, kunstnarar og andre som gjennom fleire hundre år har brukt postvegen.
Trass i den historiske betydninga har postvegen lenge vore ein skjult skatt. Mange kjenner ikkje til kulturmiljøet, heller ikkje dei som bur tett på postvegen. Store verdiar, både i form av kulturminne, landskap og forteljingar, er difor lite kjende for folk flest.
Nasjonalt prosjekt for å blåse liv i postvegen
Formålet med Nasjonalt postvegprosjekt er å utvikle Den trondhjemske postveg som eit nasjonalt kulturmiljø gjennom vern, bruk og verdiskaping.
Visjonen er at Den trondhjemske postveg skal vere eit nasjonalt og internasjonalt anerkjent kulturmiljø.
Hovudmålet er å utvikle postvegen med og for lokalsamfunna langs ruta, og bidra til verdiskaping i og rundt kulturmiljøet.
Prosjektet byggjer på tre overordna strategiar:
Leggje til rette for auka bruk av postvegen.
Bidra til nærings- og lokalsamfunnsutvikling langs postvegen.
Skape merksemd, interesse og kunnskap om postvegen.
Slik arbeider vi
Nasjonalt postvegprosjekt er tufta på samarbeid mellom offentlege styresmakter, kommunar, frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og lokalsamfunn.
Prosjektet føreset at utviklinga av prosjektet skjer lokalt. Arbeidet blir difor organisert slik at lokale aktørar eig og driv prosessane, medan regionale og nasjonale aktørar legg til rette, bidreg med ressursar og koordinerer arbeidet.
Nasjonalt postvegprosjekt har òg ansvar for å samle og dele erfaringar på tvers av strekningar og regionar. Prosjektet arbeider med kunnskapsutvikling, formidling og historieforteljing, og skal bidra til å synleggjere postvegen som eit nasjonalt kulturmiljø. På denne måten blir lokale initiativ kopla saman med regionale og nasjonale mål for vern, bruk og verdiskaping.
Korleis er prosjektet finansiert og organisert?
Nasjonalt postvegprosjekt er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, Vestland fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune og Statens vegvesen. Prosjektet har også motteke støtte frå Riksantikvaren sitt verdiskapingsprogram for kulturmiljø – Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturmiljøområdet. Støtta har gjort det mogleg å utvikle nye arbeidsformer og aktivitetar som bidreg til å ta vare på og vidareutvikle postvegen som kulturmiljø.
Prosjektet er gjennomført i samarbeid mellom dei fire partnarane. Møre og Romsdal fylkeskommune er prosjekteigar og har hatt det overordna ansvaret for gjennomføringa.
Mind the Gap AS har vore knytt til prosjektet som prosess- og prosjektstøtte sidan slutten av forprosjektet. Frå våren 2025 har verksemda hatt rolla som prosjektleiar for hovudprosjektet.
Vinteren 2026 inngjekk prosjektet ein samarbeidsavtale med Høgskulen i Volda. Gjennom avtalen bidreg høgskulen til formidling, kunnskapsutvikling og studentprosjekt knytte til postvegen. Høgskulen deltek også i prosjektgruppa.
Arbeidet har vore organisert i to prosjektperiodar. Forprosjektet vart gjennomført i perioden 2022–2023 og la grunnlaget for det vidare arbeidet. Hovudprosjektet vart etablert i 2023 og varer fram til utgangen av 2026.