Den trondhjemske postvei

En svart og hvit grafisk design med et blomsterlignende mønster i midten, omgitt av geometriske former.
Et gammelt svart-hvitt bilde av en svingete vei som snor seg nedover en skråning med kraftledninger, med fjell og vann i bakgrunnen.

Den trondhjemske postveg er det gamle namnet på vegen som gjekk mellom Bergen og Trondheim, og som tidleg på 1700-talet vart teken i bruk til postføring då staten overtok ansvaret for postvesenet.

Gjennom 1700-talet vart landevegane bygde ut og forbetra, slik at postførarane kunne ri, gå eller køyre langs vegen. Den aukande trafikken gjorde at krava til korleis vegane skulle byggjast, vart strengare. I 1794 fastsette generalvegmeister Christopher Johannes Hammer vegnormalen for korleis post- og kongevegar skulle byggjast.

Katedral med gotisk arkitektur opplyst om kvelden, med høye spiret og detaljerte vindusfasader.

Trøndelag

Den trondhjemske postveg går gjennom kommunane Rindal, Orkland, Skaun, Melhus og Trondheim. Alle kommunane har delar av den opphavlege traseen bevart, sjølv om enkelte parti i dag ligg skjulte under nyare vegar eller dyrka mark. Likevel finst det mange stader der ein framleis kan gå på den same vegen som postbøndene nytta gjennom fleire hundre år.

Landskapet postvegen kryssar i Trøndelag skil seg tydeleg frå dei bratte fjellovergangane lenger sør og vest. Her møter ein eit rolegare terreng prega av opne dalføre, frodige jordbruksområde og store samanhengande skogstrekningar. Det gjer vandringa både tilgjengeleg og variert – ei reise gjennom kulturlandskap som framleis er i aktiv bruk.

Fyrtårn av en båt på innsjø omgitt av fjell med fossefall, noen skyer og lavt skydekke.

Møre og Romsdal

Den Trondhjemske postvegen gjennom Møre og Romsdal er eit særmerkt kulturminne som kombinerer variert natur med ei historisk ferdselsåre. Vegen går frå Volda i sør til Surnadal i nord, gjennom kommunane Volda, Stranda, Ørskog, Vestnes, Molde, Gjemnes, Tingvoll og Surnadal. Her kryssar ruta både fjordar, fjell og dalføre, og går gjennom både tettstader og utmark. Dette gir eit samansett bilete av regionen og viser korleis ferdsel har vore tilpassa landskapet. Langs vegen finn ein framleis spor etter historia i form av steinlagde parti, bruer og skysstasjonar.

Et gammelt, værslitt vedskal i en grønn eng med fjell og skyer i bakgrunnen.

Vestland 

Postvegen går gjennom kommunane Bergen, Alver, Gulen, Hyllestad, Fjaler, Sunnfjord, Gloppen og Stryn i Vestland. Postvegen startar ved Mariakirken i Bergen og går først gjennom eit urbant bymiljø før han held fram nordover gjennom fjordlandskap, jordbruksbygder og fjellområde.

I 2026 er det gjennomført to samskapingsprosessar i Vestland. I Bergen arbeider lokale og regionale aktørar med å gjere postvegen meir synleg gjennom skilting, formidling og nye aktivitetar. I Gloppen og Sunnfjord står verdiskaping, reiseliv og opplevingar sentralt, med særleg vekt på landskapet rundt Breimsvatnet og dei mange historiene knytte til postvegen.

Bildet er tomt, ingen objekter er synlige.