Samskaping · Gloppen-Sunnfjord
Skei–Reed over Breimsvatnet
Samskapingsprosessen i Gloppen og Sunnfjord tek utgangspunkt i Breimsvatnet. Her vart posten rodd over det langstrekte vatnet frå Førs til Reed, omkransa av dramatiske fjell som gjorde sterkt inntrykk på den unge Henrik Ibsen, og som seinare fekk plass i forfattarskapen hans.
Opplev postvegen slik han var
Prosessen tek utgangspunkt i Skei og den gamle skysstasjonen som i dag er Grand Hotel Skei, eit døme på korleis små stader voks fram langs postvegen. Den opphavlege postvegen ligg fleire stader under dagens asfaltveg, men når ein tar av frå E39 ned mot Førs møter ein framleis den gamle postvegen, steinbruer og vegparti som framleis ligg synlege i landskapet.
Stadane langs postvegen
Mellom vatnet og fjella ligg små stader som Førs, Kandal og Reed – stader som framleis ber preg av historia langs postvegen. Midt ved Breimsvatnet ligg Kandal og Sølvane Gard, der det i dag mellom anna blir arrangert opera i det gamle kulturlandskapet. Vidare ligg Reed og Gordon Hotel, som også var skysstasjon langs postvegen, og som no igjen blir utvikla som hotell av ein ny, ung hotelleigar.
Båt på Breimsvatnet
I dag er ein av draumane å få på plass ein båtrute som igjen kan binde saman stadene rundt Breimsvatnet og gjere sjølve reisa gjennom landskapet til ein del av opplevinga. Ambisjonen er at dei reisande ikkje berre skal oppleve naturen, men også få innblikk i historiene, stadene og kulturlandskapet langs postvegen.
Reiseliv og verdiskaping
Samskapingsprosessen har eit særleg fokus på verdiskaping, reiseliv og utvikling av nye opplevingar knytt til postvegen. Tre hotell deltek aktivt i samskapingsgruppa: Grand Hotel Skei, Gordon Hotel og Sølvane Gard i Kandal. I tillegg deltek Eidns gard, som er overteken av unge krefter som tilbyr overnatting, besøksgard og kulturformidling.
Saman med dei andre lokale aktørane utforskar dei korleis postvegen kan knytast til vandring, sykling, båtreiser, historieforteljing og opplevingsbasert reiseliv – og slik bidra til auka bruk av postvegen og ny lokal verdiskaping.
Arbeidsverkstader og deltakarar
Samskapingsprosessen er organisert gjennom tre arbeidsverkstader i 2026:
• Fyrste arbeidsverkstad: 14. april, Grendahuset i Førs
• Andre arbeidsverkstad: 9. juni, Gordon Hotel
• Tredje arbeidsverkstad: 25. august, Sølvane Gard i Kandal
Følgjande aktørar deltek i prosessen: Grand Hotel Skei, Gordon Hotel, Sølvane Gard, Eidns gard, Grendalaget i Førs, Visit Gloppen, Visit Jølster, Gloppen kommune, Sunnfjord kommune, Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen.
Kontaktpersonar i kommunane:
• Birte Fossheim, Gloppen kommune
Mobil: 924 77 248
birte.fossheim@gloppen.kommune.no
• Solfrid Trå, Sunnfjord kommune
Mobil: 976 23 098
solfrid.tra@sunnfjord.kommune.no
Opplev stadene langs postvegen — kontaktpersonar:
• Kåre Åmot, Grand Hotel Skei
• Thalia Eide, Eidns gard i Førs
• Torstein Kollevåg, Sølvane Gard i Kandal
• Ruben Nesdal, Gordon Hotel
Artikler