Samskaping:

Postvegens tilskuddsordning i 2025

Et bilde av et tomt, hvitt rom med ingen synlige gjenstander.

Våren 2025 opprettet Nasjonalt postvegprosjekt ei eiga tilskotsordning for å skape aktivitet og engasjement langs Den trondhjemske postveg mellom Bergen og Trondheim.

Målet var å bidra til at fleire lokalsamfunn kom i gang med aktivitetar knytt til postvegen, samtidig som ordninga skulle styrke samskapingsprosessane som voks fram langs ruta.

Tilskotsordninga vart derfor etablert både som eit verkemiddel for å støtte konkrete tiltak og som eit bidrag til vidare samskaping og verdiskaping i lokalsamfunna. Verdiskaping vart forstått i brei forstand – som auka bruk av postvegen, større synlegheit, lokal aktivitet, samarbeid, identitet, formidling og næringsutvikling.

Ordninga fekk stor geografisk spreiing. Totalt fekk tiltak i 15 av dei 21 postvegkommunane støtte gjennom ordninga.

Gjennom tilskotsordninga kunne kommunar, frivillige lag og organisasjonar, museum, verksemder og privatpersonar søke om støtte til tiltak knytt til postvegen som kulturmiljø. Det kunne vere alt frå arrangement og formidling til skjøtsel, restaurering, skilting og ulike former for lokal næringsutvikling.

Tilskota gjorde det mogleg å prøve ut idear, mobilisere frivillige, skape samarbeid og bygge opp engasjement rundt postvegen som lokal ressurs. I fleire område vart ordninga ein måte å kome i gang med aktivitetar på, samtidig som ho gav energi og retning til samskapingsprosessane som gjekk parallelt.

Mange av tiltaka handla om å gjere postvegen meir synleg og tilgjengeleg, men også om å styrke tilhøyrsle, lokal identitet og samarbeid mellom aktørar som elles ikkje nødvendigvis ville arbeidd saman.

Søknadene vart vurderte opp mot prosjektmåla for Nasjonalt postvegprosjekt. Det vart lagt vekt på gjennomføringsevne, lokal forankring, samskaping, brei involvering og bidrag til lokalsamfunnet. Eigeninnsats og samarbeid med andre finansieringskjelder vart også vurdert positivt.

Det vart fordelt totalt 1 040 000 kroner gjennom ordninga. Ei oversikt over prosjekta som fekk støtte finn du her.

Følgjande personar kan kontaktast om tilskotsordninga:

Eline Meyer Størseth, Trøndelag fylkeskommune LENKE TIL E-POST

Oversikta viser prosjekta som fekk støtte gjennom Postvegens tilskotsordning i 2025:

Søker Kommune Kort beskrivelse av prosjektet
Gamle Bergen Museum Bergen Skilting og formidling av postvegen ved mølleområdet i Gamle Bergen.
Universitetsbiblioteket i Bergen Bergen Utstilling om postvegen ved Universitetsbiblioteket i Bergen.
Flekke grendalag Fjaler Skjøtsel, skilting og planlegging av videre arbeid langs postvegstrekningen i Flekke.
Førs grendalag Sunnfjord Oppsetting av informasjonsskilt og formidling knyttet til postvegen ved Skei i Jølster.
Sunnfjord kommune Sunnfjord Skjøtsel og skilting av postvegstrekningen mellom Bringeland og Reset.
Sunnfjord kommune Sunnfjord Verdiskaping og skilting langs postvegstrekningen mellom Hjelmeland og Haugsbø.
Vårvon ungdomslag Sunnfjord Skjøtsel og aktivitetstiltak knyttet til postvegen i Svidalen ved Vassenden.
Gloppen kommune Gloppen Skjøtsel, utskifting av skilt og arrangement langs postvegen.
Stryn kommune Stryn Skjøtsel, skilting og aktivitetstiltak langs postvegen over Utvikfjellet.
Stryn kommune Stryn Oppsetting av informasjonsskilt langs postvegen ved Faleide og Markane.
Stryn kommune Stryn Verdiskaping og skilting knyttet til postvegstrekningen Faleide–Øyavegen.
Stryn kommune Stryn Skjøtsel og tilrettelegging langs postvegstrekningen Faleide–Øyavegen.
Volda hornmusikk Volda Konsert og vandring over Ljøbrekka for å skape aktivitet og synliggjøre postvegen.
Ørskog historielag Ålesund Historisk vandring, skjøtsel, skilting og formidling knyttet til postvegen over Ørskogfjellet.
Privatperson Molde Produksjon av engelskspråklig dokumentarfilm om Den trondhjemske postveg.
Gjemnes Ytre Gjemnes Ferdigstilling av skiltplater og tilrettelegging av parkeringsplass ved postvegen på Bergsøya.
Venneforening Tingvoll Tingvoll Restaurering og utbedring av bru, stikkrenne og rekkverk langs postvegstrekning i Tingvoll.
Rindal kommune Rindal Restaurering av milestein samt skilting og tilrettelegging av postvegstrekning i Rindal.
Orkland kommune Orkland Skilting og vegetasjonsrydding knyttet til postvegen ved Løkken og Thamshavn.
Skaun kommune Skaun Omfattende skilting, vegetasjonsrydding og tilrettelegging ved postvegen og historiske kulturminner.
Melhus kommune Melhus Skilting og mindre skjøtselstiltak på postvegstrekningen over Øysand.
Trondheim kommune Trondheim Oppsetting av retningsskilt langs postvegen mellom Gaulosen og Granåsen.
Heimdal historielag Trondheim Vegetasjonsrydding, skilting og etablering av rasteplass langs postvegen ved Gaulosen.