Mariakirken– Sandviken–Eidsvåg
Samskaping av postvegstrekket Mariakirken–Sandviken–Eidsvåg
Samskapingsprosessen i Bergen tek utgangspunkt i postvegstrekninga mellom Mariakirken, Sandviken og Eidsvåg – staden der Den trondhjemske postveg tek til. Frå dei historiske gatene i Bergen sentrum snor postvegen seg gjennom Sandviken før han set kursen over fjellet mot Eidsvåg og vidare nordover.
Der postvegen startar
Postvegen har truleg hatt utgangspunkt i området rundt Mariakirken, eitt av dei eldste og mest historiske områda i Bergen. Herfrå gjekk ruta gjennom byen og vidare nordover langs ferdselsårene som knytte Bergen til resten av landet.
Å kartleggje postvegen gjennom Bergen sentrum og fastsetje den historiske traséen, er ei av oppgåvene i 2026. Frå Sandviken til Munkebotn og vidare til Eidsvåg kjenner vi i hovudsak traseen. Her handlar arbeidet om å skilte vegen slik at fleire tek han i bruk og blir merksame på at dei faktisk går langs Den trondhjemske postveg. I 2026 skal det setjast opp 18 retningsskilt langs strekninga.
Postvegen blir levande
Det spesielle med Bergen er at ein kan vandre langs postvegen i eit urbant bymiljø. Eitt av produkta som er utvikla, er ei byvandring frå sentrum til Sandviken, som er lagt inn i Kulturjakten-appen. Gjennom appen kan ein oppleve korleis postvegen bind saman viktige historiske stader og kulturmiljø frå sentrum og ut mot Sandviken.
Men postvegen byr ikkje berre på kulturminne, han rommar også mange spennande historier. Frå kriminalmysterium og fangetransportar langs postvegen til bondeopprør og kvardagsliv i byen. Fleire av desse forteljingane blir no løfta fram gjennom Kulmin-filmar som formidlar både store og små hendingar frå kulturhistoria vår.
Samskapingsprosessen i Bergen handlar derfor både om å synleggjere postvegen og gjere han meir tilgjengeleg, men også om å fortelje dei gode historiene og bidra til ny kunnskap om postvegen. Deltakarane har mellom anna bestemt seg for å lage ei utstilling om postvegen i Bergen. Utstillinga opnar ved Universitetsbiblioteket i Bergen i desember 2026.
Prosessen har også drøfta ulike arrangement og aktivitetar som kan bidra til å ta postvegen meir aktivt i bruk. Under Friluftslivets veke i 2025 vart det arrangert ein kulturhistorisk vandring langs postvegen kombinert med «Turmat frå heile verda». Arrangementet samla både bergensarar og nye innbyggjarar til vandring, båtturar, internasjonal mat og aktivitetar langs postvegen.
Arbeidsverkstader og prosess
Samskapingsprosessen starta opp i 2025, då det vart gjennomført tre arbeidsverkstader. Arbeidet er vidareført i 2026 gjennom tre nye arbeidsverkstader:
Fyrste arbeidsverkstad: 26. mars 2026
Andre arbeidsverkstad: 10. juni 2026
Tredje arbeidsverkstad: 10. september 2026
Gjennom arbeidsverkstadene arbeider deltakarane med å utvikle aktivitetar og tiltak knytte til postvegen som kan bidra til å gjere kulturmiljøet meir synleg, auke bruken av strekninga og skape verdiar for både lokalsamfunn, kulturinstitusjonar og besøkande.
Lokalt samarbeid
Prosessen involverer eit breitt samarbeid mellom lokale og regionale aktørar. Blant deltakarane finn vi Bergen kommune, Vestland fylkeskommune, Universitetsbiblioteket i Bergen, Bergen Historiske Foreining, Bergen regionale pilegrimssenter, Den norske kyrkja og Bergen og Hordaland Turlag. Høgskulen i Volda har dokumentert arbeidsverkstaden i juni gjennom film.
Artikler