Samskaping av postvegen:

Ei ny tilnærming til kulturmiljø og lokal utvikling

Sort og hvit blomster-inspirert tatoveringsdesign.

Eit hovudmål i Nasjonalt postveiprosjekt er å utvikle postvegen saman med lokalsamfunna langs vegen. Vi meiner at Den trondhjemske postveg best kan takast vare på dersom lokale aktørar sjølve er med på å bruke, utvikle og skape aktivitet rundt kulturmiljøet. Difor har samskaping vore den viktigaste arbeidsforma i prosjektet.

Samskaping handlar om meir enn samarbeid. I ei samskapingsprosess deltek lokale aktørar ikkje berre i gjennomføring av aktivitetar, men også i å definere utfordringar, utvikle løysingar og skape nye aktivitetar saman. Målet er å utvikle lokalt eigarskap til postvegen og å styrkje lokalsamfunn langs strekningane.

Gjennom prosjektperioden har vi utvikla ein eigen modell for samskaping tilpassa postvegen og kulturmiljøfeltet. Modellen byggjer på erfaringar frå kulturmiljøforvaltning, regionalparkar og lokal samfunnsutvikling, men er vidareutvikla gjennom arbeidet i postveiprosjektet. Du kan lese meir om tilnærminga vår i desse dokumenta:

«Samskaping av postveien» (2024)

«Overordna plan for samskaping» (2026)

Bevaring gjennom kunnskap og samskaping

Tilnærminga vår byggjer på ein tanke om at kulturmiljø må vere ein del av samtida for å bli tekne vare på over tid. Postvegen må ikkje berre vernast, han må også brukast, opplevast og ha verdi for menneska som bur langs vegen.

Samskaping handlar derfor om å utvikle aktivitetar og samarbeid som: 

  • gjer postvegen meir kjend og synleg

  • aukar bruken av postvegen

  • styrkjer lokalt engasjement og eigarskap

  • skaper verdiar for lokalsamfunn, frivilligheit og næringsliv

Postvegen er ikkje berre eit historisk kulturmiljø. Han er også ein møteplass mellom natur, historie, reiseliv, friluftsliv, lokalkultur og lokal verdiskaping.

Lokal samskaping

Samskapingsprosessane er forankra lokalt og blir utvikla i samarbeid mellom: 

  • frivillige lag og foreiningar

  • grunneigarar

  • lokalt næringsliv og reiselivsaktørar

  • kommunar og regionale aktørar

  • kultur- og kunnskapsmiljø

Målet er at dei lokale aktørane sjølve skal drive arbeidet vidare etter prosjektperioden. Postveiprosjektet skal vere ein katalysator og ein støtte for lokal utvikling, ikkje ein permanent prosjektorganisasjon.

Korleis arbeider vi?

Kvar samskapingsprosess er organisert gjennom tre arbeidsverkstader over eitt år. Verkstadene blir leia av ein lokal prosessleiar som har ansvar for å samle aktørar, leggje til rette for samarbeid og drive prosessen framover.

I kvar prosess deltek det vanlegvis ei lokal samskapingsgruppe på om lag 10–15 personar. Gruppa består gjerne av representantar frå frivillige lag og foreiningar, grunneigarar, lokalt næringsliv, reiselivsaktørar, kommunar og andre lokale ressursmiljø. Deltakarane representerer både kompetanse, nettverk og lokalt engasjement.

Gjennom arbeidsverkstadene utviklar deltakarane idear, aktivitetar og tiltak knytt til postvegen. Nokre aktivitetar kan realiserast raskt, medan andre krev meir tid og samarbeid.

 

Vi har lagt vekt på å kombinere:

  • konkrete og gjennomførbare tiltak på kort sikt

  • meir langsiktige ambisjonar for utvikling av strekningane

Dette handlar både om å skape synlege resultat raskt og om å byggje langsiktige samarbeidsrelasjonar.

Samskapingsgruppa skal ikkje gjennomføre alt sjølv. Eit viktig mål er at gruppa mobiliserer andre aktørar og ressursar rundt konkrete aktivitetar og prosjekt. Vi kallar dette for «ringar i vatn» – at samskapingsprosessen gradvis skaper større lokalt engasjement, fleire samarbeid og nye initiativ langs postvegen.

Verdiskaping langs postvegen

Samskapingsprosessane skal bidra til brei verdiskaping langs postvegen. Aktivitetane som blir utvikla, skal styrkje postvegen som kulturmiljø og samtidig skape verdiar lokalt.

Prosjektet legg særleg vekt på aktivitetar som:

  • bidreg til synleggjering av postvegen

  • aukar ferdsel og bruk

  • styrkjer lokalt samarbeid og engasjement

  • skaper verdiar for lokalsamfunn og næringsliv

  • tek vare på kulturmiljøet gjennom aktiv bruk

Gjennom prosjektperioden har vi sett i gang fleire lokale samskapingsprosessar langs postvegen. Desse prosessane har ulik karakter og byggjer på lokale ressursar, behov og moglegheiter. Du kan lese meir om dei ulike samskapingsprosessane:

Sort og hvitt mønster med en blomsterlignende design inni en kvadratisk ramme som er rotert 45 grader.