Samskaping

Syv personer står i en gruppe ved en vannkyst under fjell, snakker og smiler.

Eit hovudmål i Nasjonalt postveiprosjekt har vore å bidra til utvikling og bevaring av postvegen på ein måte som kjem lokalsamfunna langs postvegen til gode.

Den berande ideen i prosjektet er at postvegen best vil få nasjonal merksemd og anerkjenning som kulturminne dersom lokale krefter sjølve tek vare på postvegen og brukar han til å utvikle og styrkje eigne bygder på ein berekraftig måte. Det er dette vi kallar lokal verdiskaping.

Kva meiner vi med samskaping

Tilnærminga vi har brukt for å få til lokal verdiskaping er lokal samskaping. Du kan lese meir om vår tilnærming til samskaping her.

Med samskaping meiner vi at lag og foreiningar, grunneigarar, lokalt næringsliv og andre lokale ressursar samarbeider med kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege aktørar om å utvikle postvegen som ein felles ressurs.

Samskaping handlar om å:

  • initiere og definere problemstillingar og moglegheiter

  • utvikle løysingar og aktivitetar i fellesskap

  • gjennomføre og drive aktivitetar over tid

Målet er å skape aktivitet, engasjement og verdiar som både tek vare på kulturminnet og styrkjer lokalsamfunna.

Vi har lagt vekt på å starte samskapingsprosessar på strekningar der det finst lokalt engasjement, eigarskap til postvegen og eit potensial for lokal verdiskaping.

To personer som sitter på en benk og nyter utsikten over en innsjø og by med fjell i bakgrunnen på en solrik dag, sammen med en hund.

Fem lokale samskapingsprosessar

I løpet av prosjektperioden har vi sett i gang fem samskapingsprosessar langs postvegen. Prosessane har hatt ulik karakter og vore tilpassa lokale behov, ressursar og moglegheiter.

Du kan lese meir om dei ulike prosessane her:

Prosjektet i Trondheim

I Trondheim har vi sett i gang eit eige prosjekt med mål om å gjere postvegen meir kjend og synleg i byen og regionen.

Du kan lese meir om prosjektet i Trondheim her.

Forberedande samskapingstiltak

På fleire strekningar er det allereie gjennomført tiltak som skilting, skjøtsel og tilrettelegging som har gjort postvegen meir tilgjengeleg for publikum. Andre stader manglar framleis slike tiltak.

Difor har postveiprosjektet også bidrege med midlar til konkrete tiltak som skilting, skjøtsel og enkel tilrettelegging. Målet har vore å leggje grunnlag for meir systematiske samskapingsprosessar over tid.

I 2025 vart det delt ut over éin million kroner til slike tiltak langs postvegen.

Du kan lese meir om støtteordninga og dei ulike tiltaka her.

Sort og hvitt mønster med en abstrakt blomst og sirkulære detaljer