Samskaping · Stranda

Ljøkaia–Herdal

Grafisk mønster med en lotusblomst i midten, omgitt av intrikate linjemønstre, i svart-hvitt.

Samskaping av postvegen langs strekninga Ljøkaia–Herdalen

Samskapingsprosessen i Stranda tek utgangspunkt i postvegstrekninga mellom Ljøkaia og Herdalen – ei av dei mest særmerkte og spektakulære strekningane langs Den trondhjemske postveg.

Mellom fjorden og fjellet

Postvegen var den historiske ferdselsåra mellom fjorden og fjellet. Reisande kom i land ved Ljøkaia og følgde deretter postvegen opp gjennom dei bratte fjellsidene og vidare over mot Herdalen. Langs ruta ligg fleire gamle gardar som vitnar om livet langs ferdselsåra.

I dag er strekninga særleg kjend for det dramatiske fjordlandskapet, dei mange hårnålssvingane opp fjellsida og utsynet mot verdsarvområdet Geirangerfjorden og Sunnmørsalpane.

Utendørs vannfall med skog og vann ved stranden

Byggjer vidare på tidlegare arbeid

Prosessen byggjer vidare på eit omfattande restaurerings- og tilretteleggingsarbeid som vart gjennomført i perioden 2013–2022, leia av Petter Hjørungsdal og Ljøbrekkas Vener. Gjennom dette arbeidet vart postvegen rydda, sett i stand og gjort meir tilgjengeleg for publikum, mellom anna gjennom bygging av trapper og andre tiltak langs strekninga.

Postvegen viser også korleis vegen opphavleg vart bygd og tilpassa det bratte landskapet, og korleis vegen har blitt endra undervegs. Langs strekninga finn ein mellom anna kisteveiter bygd med tørrmuring – ein gammal handverkstradisjon som prosjektet har vore oppteke av å dokumentere og formidle.

I 2025 gjennomførte Høgskulen i Volda eit dokumentasjonsprosjekt om restaurering av ei kisteveit i Ljøen, nettopp for å skape meir kunnskap om denne typen byggjeteknikk og handverkstradisjonar.

Et gammelt værbit hønsehus ved en innsjø omgitt av grønne trær og fjell med snø på toppen.

Arbeidsverkstader og prosess

Samskapingsprosessen er organisert gjennom tre arbeidsverkstader i 2026:

  • Fyrste arbeidsverkstad: 5. mars, Kulturhuset i Stranda

  • Andre arbeidsverkstad: 22. april, Kulturhuset i Stranda

  • Tredje arbeidsverkstad: 3. september, Kyrkjelydshuset i Hellesylt

Gjennom arbeidsverkstadene arbeider deltakarane med å utvikle aktivitetar og tiltak knytt til postvegen som kan bidra til å gjere postvegen meir kjend, auke bruken av vegen og skape verdiar for både lokalsamfunn, næringsliv og besøkande.

Lokalt samarbeid

Prosessen involverer eit breitt samarbeid mellom lokale og regionale aktørar. Blant dei frivillige aktørane deltek mellom anna Ljøbrekkas Vener, Hellesylt Ungdomslag og Stranda Fotball. Grunneigarar i Ljøbrekka deltek også aktivt i prosessen.

Vidare deltek reiselivs- og næringsaktørar som Hotel Union Øye og Uteguiden, saman med Høgskulen i Volda, Stranda kommune og Denne Stranda, Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Sunnmøre friluftsråd, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kontaktpersonar

Inge Bjørdal
Ljøbrekkas Vener / Stranda kommune
E-post: ingebjordalhellesylt@gmail.com

Telefon: 991 00 253

Merete Rønneberg
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
E-post: merete@verdsarvfjord.no
Telefon: 993 76 585


Artikler

Et tomt hvitt bilde uten gjenstander eller detalj.