Båtrute på Breimsvatnet

I sommar kjem båten tilbake på Breimsvatnet. Gjennom eit pilotprosjekt skal det prøvast ut ei båtrute som tek opp att den historiske ferdsla over vatnet og gir nye moglegheiter for opplevingar og aktivitetar knytte til postvegen.

 

Eit resultat av samskapinga

Båtruta er eit konkret resultat av samskapingsprosessen for postvegstrekninga Skei–Reed over Breimsvatnet. Gjennom arbeidet med postvegen har lokale aktørar, næringsaktører og kommunane i Gloppen og Sunnfjord saman utvikla ideen om å ta vatnet i bruk igjen som ferdselsåre og oppleving.

Pilotprosjektet byggjer på den kulturhistoriske arven knytt til den gamle postruta over Breimsvatnet. Tidlegare vart menneske og varer frakta med båt over vatnet, og båtruta er eit forsøk på å ta opp att denne historia i ei ny tid.

 

Ny bruk av eit gammalt farvatn

Målet med pilotprosjektet er både å skape nye opplevingar og å prøve ut om båtruter på Breimsvatnet kan bli ein del av framtidig aktivitet og verdiskaping knytt til postvegen. Erfaringane frå sommaren skal gi kunnskap om korleis tilbodet kan vidareutviklast i åra som kjem.

Prosjektet er eit samarbeid mellom lokale aktørar og er forankra i samskapingsprosjektet for Den trondhjemske postveg.

Oppstart av båtruta er planlagd i byrjinga eller midten av juli. Det er lagt opp til faste avgangar laurdagar og søndagar gjennom sommaren.

Biletet viser Per Svein Reed og Berit Vik frå Vestland fylkeskommune på kaia i Reed, der båten skal gå i skytteltrafikk over Breimsvatnet til Kandal. For dei som ønskjer å oppleve området over fleire dagar, er det mogleg å overnatte ved Gordon Hotel i Reed og Sølvane Gard i Kandal.

Trollbinde

Trollbinde er en liten kommunikasjonsbyrå som holder til på Dombås, i vakre Gudbrandsdalen. Vi forteller din historie.

http://www.trollbinde.no
Neste
Neste

Opning av postvegutstilling i Bergen november/desember