Postvegen i Trøndelag

Den trondhjemske postveg går gjennom kommunane Rindal, Orkland, Skaun, Melhus og Trondheim. Alle kommunane har delar av den opphavlege traseen bevart, sjølv om enkelte parti i dag ligg skjulte under nyare vegar eller dyrka mark. Likevel finst det mange stader der ein framleis kan gå på den same vegen som postbøndene nytta gjennom fleire hundre år.

Landskapet postvegen kryssar i Trøndelag skil seg tydeleg frå dei bratte fjellovergangane lenger sør og vest. Her møter ein eit rolegare terreng prega av opne dalføre, frodige jordbruksområde og store samanhengande skogstrekningar. Det gjer vandringa både tilgjengeleg og variert – ei reise gjennom kulturlandskap som framleis er i aktiv bruk.

Rindalsskogen og den gamle postvegen

I Rindal kan ein følgje postvegen i opphavleg form gjennom Rindalsskogen. Her går vegen over myr og skog i om lag 4,5 kilometer samanhengande trase. Området er unikt fordi veglinja framleis er godt synleg i terrenget, og ein kan gå tørrskodd over myra på den gamle postvegen.

Postvegen går også gjennom tunet på Rindal skimuseum, der ein finn både eit gamalt postkontor og ein kilometerstein som fortel at det er 110 kilometer att til Trondheim. Over Rindalsskogen kan ein verkeleg kjenne på stillheita og historia i landskapet.

Frå Orkladalen til Gaulosen

Det høgaste punktet på ruta mellom Molde og Trondheim er Garberg gard i Orkland, tidlegare skyssstasjon, vertshus og postopneri. Her har reisande gjennom generasjonar stansa for kvile, utsikt og historier.

Postvegen var også bygdeveg for Orkladalen. Dei rette veglinjene opp og ned bakkane finn vi fleire stader, mellom anna ved Fannrem. Langs Orkla har flaumar gjennom tidene påverka både vegtrasear og ferjestader, og postvegen har derfor gått på begge sider av elva.

I Skaun går postvegen tvers gjennom kommunen over Eggkleiva. Langs ruta finn vi postgardar, skyssstasjonar, milesteinar og små steinbruer. Vegen ligg både som korte vegstykke og lengre samanhengande trasear i det vakre jordbrukslandskapet. Han slyngjer seg gjennom eit bølgjande kulturlandskap med gardstun, skogholt og utsyn mot Gaulosen.

Mot Trondheim

På enkelte stader opnar landskapet seg heilt, som ved Øysand i Melhus. Her gir den flate elvesletta og den langgrunne sandstranda utsyn utover Gaulosen. Turen frå Øysand camping langs postvegen til Øysand naturhus og fugletårnet er ei fin oppleving.

Postvegen kjem inn i Trondheim kommune ved Sundet gard. Høgdedraget Fjøsvollan, om lag 160 meter over havet, er i dag eit naturleg stoppestad for dei som ønskjer å oppleve postvegen på nært hald. Vidare mot Granåsen går vegen inn i eit meir kupert skogsterreng før han gradvis får eit meir bymessig preg på den siste etappen inn mot Trondheim.

Trondheim utgjer endepunktet på postvegen – eller byrjinga, alt etter kva retning ein reiser. At postruta enda nettopp her, understrekar Trondheim si rolle som administrativt og økonomisk tyngdepunkt i perioden.

Nye satsingar i Trøndelag

Trass i namnet har Den trondhjemske postveg fram til no vore meir synleg og teken i bruk andre stader enn i Trøndelag. Dette ønskjer ein no å endre.

I Skaun blir det i 2026 gjennomført ein samskapingsprosess der lokale aktørar arbeider med skjøtsel, skilting, formidling og aktivitetar langs postvegen. Målet er å gjere kulturmiljøet meir synleg og ta vare på dei mange kulturminna langs strekninga.

I Trondheim blir det arbeidd med å synleggjere den første delen av postvegen nord for byen. Prosjektet skal byggje kunnskap om postvegen, skape merksemd og leggje grunnlag for framtidige samskapingsprosessar. Samstundes blir det arbeidd med å styrkje koplingane mellom postvegen og pilegrimsleden, som fleire stader deler trasé.

Gjennom samarbeid mellom kommunar, frivillige organisasjonar og lokale aktørar blir postvegen no teken tilbake – og ført heilt heim til Trondheim.

Trollbinde

Trollbinde er en liten kommunikasjonsbyrå som holder til på Dombås, i vakre Gudbrandsdalen. Vi forteller din historie.

http://www.trollbinde.no
Forrige
Forrige

Postvegen i Møre og Romsdal

Neste
Neste

Stangvik – Mobøen