Postvegseminar 2. desember

Postvegseminaret blir gjennomført digitalt på Teams og skal formidle erfaringar og resultat frå Nasjonalt postvegprosjekt. Seminaret er retta mot kommunar, frivillige organisasjonar, deltakarar i dei lokale prosessane, fylkeskommunar, Riksantikvaren og andre som arbeider med kulturmiljø og lokal utvikling.

Gjennom dagen blir det presentasjonar frå dei ulike strekningane som har arbeidd med samskaping i 2026, og frå dei andre aktivitetane i prosjektet. Tema vil mellom anna vere samskaping, formidling, film og foto, ny kunnskap om postvegen og erfaringar frå arbeidet med å ta postvegen i bruk som kulturmiljø og ressurs for lokalsamfunna.

Program og informasjon om påmelding blir lagt ut i august/september.

Trollbinde

Trollbinde er en liten kommunikasjonsbyrå som holder til på Dombås, i vakre Gudbrandsdalen. Vi forteller din historie.

http://www.trollbinde.no
Forrige
Forrige

Opning av postvegutstilling i Bergen november/desember

Neste
Neste

– Jeg ville forstå historien bak skiltene på fjellet