Den trondhjemske postveg går gjennom storslått natur – over fjordar og fjell, langs vatn og over elvar, og gjennom frodige bygder. Postvegen er som ei levande historiebok, sjølv om mange blad er krølla og rivne bort.
Vi ønskjer at denne historiske vegen frå fortida skal rustast opp for framtida og leggje til rette for at folk kan følgje i fotspora til postbøndene mellom Bergen og Trondheim. Langs vegen finst det mange gøymde skattar.
Sjølv om tidens tann har sett sine spor, og mange stader ligg gøymde i eit moderne kulturlandskap, er den gamle vegen og historia om han på ingen måte gløymd. Kunnskapen om postvegen som eitt samanhengande kulturminne har auka mykje dei siste åra, og det blir lagt ned eit stort arbeid på dei ulike strekningane for å løfte postvegen fram i lyset att.
Postvegseminar
Teams 2. desember
Eit digitalt seminar som løfter fram erfaringar, aktivitetar og nye forteljingar frå Nasjonalt postvegprosjekt.
Opning av postvegutstilling
Bergen, november/desember
Ei utstilling ved Universitetsbiblioteket i Bergen som løfter fram postveghistorier, kulturmiljø og ny kunnskap om postvegen.
Artikler
Om postvegen
Den trondhjemske postveg er det gamle namnet på vegen mellom Bergen og Trondheim. Tidleg på 1700- talet vart vegen teken i bruk til postføring då staten overtok ansvaret for postvesenet.
Om prosjektet
Nasjonalt postvegprosjekt (2023–2026) –hovudprosjektet – er ei omfattande satsing for å blåse nytt liv i Den trondhjemske postveg, den historiske postruta mellom Bergen og Trondheim.